Garasje og uthus

Skal du bygge, rive eller endre garasje, uthus eller liknande?

Du kan søkje på eiga hand

Dersom du kan svare ja til alle desse punkta, kan du stå ansvarleg for tiltaket og søkje kommunen sjølv:
  • Det er ein enkel frittliggande bygning på opptil 50 m2
  • Eigedomen er bebygd frå før
  • Tiltaket har ein avstand på minimum 1,0 meter frå nabogrensa
  • Tiltaket har maksimal mønehøgd på 4,0 meter og gesimshøgde på 3,0 meter målt frå det ferdig planerte terrenget sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen
  • Tiltaket er på ein etasje (er ikkje underbygd med kjellar)
  • Tiltaket skal ikkje brukast til bustadføremål 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk

Dersom du svarar nei på nokon av spørsmåla over må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søkje for deg (ansvarleg søkjar).
 
Di rolle i byggesaka er å vere tiltakshavar. Det vil seie at du eig tiltaket, men at fagfolk (arkitekt, eit byggefirma eller nokon annan som er kvalifisert) må fylle ut søknaden for deg. Prosjektering og utføring må også gjerast av fagfolk som du må engasjere og inngå avtalar med. Dei må ha ansvarsrett, sentral eller lokal godkjenning.

Sjølvbyggar

Dersom du ynskjer å bygge din eigen garasje er det mogleg å søke om godkjenning som sjølvbyggar (ha personleg ansvarsrett) for søknadspliktige byggetiltak.
For meir informasjon om kven som kan søke om godkjenning som sjølvbyggar sjå forskrift om byggesak til plan- og bygningslova.

Generelt om utforming av garasjar

Ved bygging av garasje på bustadeigedom må utforminga harmonere med bustadhuset. Det bør brukast same kledning, taktekking, listverk, beslag m.m. Det er også nokre branntekniske krav til garasjer når dei er større enn 50 kvadratmeter og/eller blir plassert med liten avstand til ein annan bygning.

Plassering av garasje/uthus

For frittliggande garasje/uthus under 50 m2 i ein etasje kan avstanden til nabogrensa vere minimum 1 meter.
 
Når det gjeld plassering mot veg vert det stilt ulike krav i reguleringsplanar. Sjekk reguleringsplan for din eigedom. For område utan reguleringsplan gjeld veglova.
 
Gararsje/uthus over 50 m2 eller som er samanbygd med bustad skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense. 
Sist endra 16.01.2017