Gjerde og levegg

Skal du sette opp, rive eller endre gjerde eller levegg?

Det kan vere avgrensingar i kommune- og reguleringsplan for kva du kan gjere på din eigedom. Pass på at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.
 
Gjerde er lette konstruksjonar som skal hindre ferdsel. Gjerde kan være plankegjerde, stakittgjerde, flettverksgjerde, smijernsrekkverk eller andre typar rekkverk med ein enkel, open konstruksjon. Opne deler må utgjere minst 50 % av konstruksjonen.
 
Levegg er ein tett skjerm som avgrensar innsyn og støy, og gir ly for vind. Levegg kan vere frittståande eller samanhengande med bygning.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Gjerdet er opent og luftig til nabogrensa, og maks 1,5 meter høgt
  • Gjerdet som skal plasserast i grensa til regulert veg er lågare enn 0,5 meter. Det skal vere fri sikt til vegen
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og inntil 10 meter lang. Leveggen kan plasserast inntil 1,0 meter frå nabogrense og plasserast med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
  • Leveggen er inntil 1,8 meter høg og maks 5 meter lang, plassert i nabogrensa og med tilstrekkeleg avstand frå offentleg regulert veg
Det er kun ein levegg som er unntatt søknadsplikt. Ønskjer du å bygge to leveggar på 10 meter, må du søkje. 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Leveggen er under 1,8 meter høg og ikkje lenger enn 10 meter lang, men plasseringa ikkje følgjer det som er nemnt over.
 
Sist endra 26.09.2016