Mindre endringar innandørs

Ein del innvendig rehabilitering treng du ikkje søkje om. Dette gjeld kun for installering, endring og reparasjon av enkle installasjonar i eksisterande byggverk innafor same branncelle.

Du treng ikkje søkje om å:

  • Sette opp, flytte eller rive ein ikkje-berande vegg innafor éi branncelle.
  • Reparere eller endre installasjonar dersom du brukar like komponentar som var der frå før.
  • Skifte ut eller installere nytt utstyr på eksisterande våtrom.
  • Installere ny kjøkkenventilator som ikkje koplast til ventilasjonsanlegget.
  • Installere kjølerom.
  • Installere ny vask i eksisterande bustad som allereie har sanitæropplegg.
Sist endra 26.09.2016