Støttemur

Støttemur er ein konstruksjon som blir brukt til sikring eller opparbeiding av terreng. Den kan vere i ulike typar materiale, som stein, metall eller tre.

Du treng ikkje å søkje

  • Om støttemuren er inntil 1 meter høg, med avstand til nabogrense over 1 meter.
  • Om støttemuren er inntil 1,5 meter høg, med avstand til nabogrense over 4 meter.
Støttemuren må ikkje hindre frisiktsone mot veg.
 
Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningslova.

Dersom tiltaket kjem i konflikt med vatn- og avløpsleidningar, må du avklare dette med eining for eigedom og teknisk drift.
 

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom

  • Støttemuren er større enn det som er nemnt over

Sikring og estetikk

Det kan vere nødvendig å montere sikringstiltak som gjerde eller anna innretning på topp av støttemur for å hindre fallulykker, byggteknisk forskrift § 10-1.
 
Ved utforming og plassering må det takast estetiske omsyn slik at muren i tillegg til å vere funksjonell og sikker, også gir eit tiltalande preg på eigedomen jf. plan- og bygningsloven §§ 29-1 og 29-2.
 

Bygging av støttemur over kablar

Dersom støttemuren skal byggast ved leidningar, må det hentast inn løyve frå eigar av anlegget. Der leidningane er eigd av kommunen skal eining for eigedom og teknisk drift kontaktast.
Sist endra 26.09.2016

Kontaktpersonar

Camilla Nilsen

Eigedom og teknisk drift
Telefon : 70 20 76 42
E-post : Send e-post