Terrasse, platting, veranda eller balkong

Definisjon av terrasse/platting, veranda og balkong

  • Terrasse/platting er ein konstruksjon for uteareal over bakkenivå, ofte med trapp til terreng
  • Veranda er ein open bygningsdel, understøtta og eventuelt overdekka av tak. Den kan godt vere lukka, som til dømes ein glasveranda
  • Balkong er eit utstikk og open bygningsdel som er plassert framfor ei vindusdør på bygningen sin fasade. Den er omgitt av rekkverk og er ikkje understøtta.

Du treng ikkje søkje dersom:

  • Terrassen/plattingen er lågare enn 0,5 meter over ferdig planert terreng. Slike terrassar og plattingar vert ikkje omfatta av avstandskravet, og kan plasserast nærare nabogrensa enn 4 meter
  • Verandaen er inntil 15 kvadratmeter, minst 4 meter frå nabogrensa
  • Tiltaket vert bygd med tilstrekkjeleg avstand frå offentleg regulert veg. Kor nær du kan plassere bygningen avhenger av når reguleringsplanen for eigedomen din vart vedteken. 

Du kan søkje på eiga hand dersom:

  • Terrassen/plattingen er under 50 kvadratmeter.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:

  • Terrassen/plattingen er over 50 kvadratmeter.
  • Du skal bygge eller rive ein takterrasse.
  • Du skal bygge eller rive ein balkong.

Generelt om tilpassing

Ved planlegging av terrasse er tilpassing til eksisterande bygning viktig. Bruk gjerne ein person med arkitektfagleg kompetanse som kan gi råd og som eventuelt kan teikne denne konstruksjonen for deg.
 
Terrasse på terreng må utformast på ein slik måte at ein unngår store terrengendringar. Sett deg inn i naboen sin situasjon og unngå plassering som verkar sjenerande for nabo, t.d. sjenerande innsyn.
Sist endra 26.09.2016