Tiltak langs 100-metersbeltet mot sjø og vassdrag

Skal du bygge, rive eller endre bygning, endre terreng eller gjere andre tiltak i 100-metersbelte mot sjø eller vassdrag? 
 
Ver merksam på at det i utgangspunktet ikkje er lov å bygge i 100-metersbeltet mot sjø og vassdrag. Bakgrunn for byggeforbodet i strandsona er omsynet til allmenne interesser, friluftsliv, landskap, natur- og kulturmiljø.

Byggeforbodet gjeld:

  • All bygning, konstruksjon, anlegg, terrenginngrep og inngjerding.
 
Det betyr mellom anna at bustader, hytter, bryggjer, moloar, plattingar, gjerde og murar blir ramma av byggeforbodet.
 
Forbodet gjeld også vesentleg endring av eksisterande bygning, konstruksjon, anlegg, inngjerding eller terrenginngrep. Forbodet gjeld ikkje tiltak som er knytt til stadbunden næring.
 
Byggeforbodet i 100-metersbeltet gjeld i heile kommunen så langt ikkje anna byggegrense er gitt i reguleringsplan.
 
For at det skal kunne bli gitt løyve til eit tiltak må det altså vere i samsvar med gjeldande plan. Dersom tiltaket er i strid med arealformålet i planen vil det krevje dispensasjon for å få løyve. Det kan settast vilkår for dispensasjonen.
 
Dersom det ligg føre ein reguleringsplan i strandsona, så er det den aktuelle planen som styrer bruken av området og legg føringar for kva og kvar ein kan bygge.
 
Sist endra 26.09.2016