Kommuneplanen sin arealdel Haram - offentleg ettersyn

Arealplan.jpg - Klikk for stort bilete

Fast utval for plansaker godkjende den 18.12.2018 at forslag til kommuneplanen sin arealdel for Haram kommune vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med plan og bygningslova §11-14.  

Haram kommunestyre godkjende den 28.01.2016 i sak 002/16 planprogram for kommuneplanen sin arealdel. Kommuneplanen sin arealdel skal byggje på kommuneplanen sin samfunnsdel, økonomiplanen sin handlingsdel, og bidra til å materialisere dei mål og visjonar sett i samfunnsplanen. 
 
Forslag til kommuneplanen sin arealdel omfattar plankart, føresegner, planomtale, ROS-analyse, konsekvensutgreiingar, rapport for barnetrakk, rapport for kartlegging og verdsetting av friluftsliv, rapport om viltkorridor på Vatneeidet, vurdering av innspel og arealrekneskap.  
 
Kommuneplanen sin arealdel fastsett korleis ein skal bruke arealressursane i kommunen når det gjeld utbygging til bustad, næring mm, samt korleis ein skal verne om natur, landskaps,-  og kulturverdiar. 
 
I forslag til arealplan for Haram kommune er det lagt stor vekt på å leggje større nye utbyggingsområde til bustad i tråd med statlege planretningslinjer for samordna bustad, areal og transportplanlegging. Nye bustadområde er lagt i gangavstand til daglege funksjonar som skule, barnehage, butikkar, idrett, kultur, friluftsområde og kollektivaksar. Målsettinga er at arealplanen skal bidra til å redusere det daglege transportbehovet med privatbil og legge rette for å gå/sykle og nytte kollektivtransport i kvardagen. Praktisering av retningslinjene er tilpassa lokale forhold, men også tenkt som avlastningsområde for Nye Ålesund.
 
Nye næringsområde er plassert med god framkjømd og i tilknyting til eksisterande og planlagd hovudvegnett, samt med moglegheit for hamn og tilkomst frå sjø. Planen syner også store sjøareal som moglegheitsområde for marine næringar. 
 
For å få raskt oversikt over konfliktområde i planforslaget, sjå konsekvensutgreiing for samla verknadar, dokumentet peikar på områda der er vesentlege arealbrukskonfliktar og område som må ha særleg merksemd ved offentleg ettersyn. For meir informasjon om det enkelte område, sjå konsekvensutgreiing nye utbyggingsområde. 
 

Plandokument

Arealplanen i kart

Klikk her for å sjå arealplanen i enkel kartløysing

Klikk her for å sjå arealplanen i avansert kartløysing

Klikk her for å sjå arealplanen i fylkeskommunen si kartløysing (Gis-Link)

 

Frist for merknad/innspel

Frist for merknad/innspel til arealplanen er måndag 18.02.2019.

Merknader eller innspel kan sendast Haram kommune på følgjande måtar:

Alternativt kan det sendast per post til:

Haram kommune
Eining for byggesakv, landbruk og arealforvaltning,
Brattvåg gata 19, 6270 Brattvåg
Merk: «Innspel til arealplan».

Merk at alle innsendte merknadar/innspel vert synlege på postlista til Haram kommune.

Det vert lagt opp til folkemøte og møte med ulike interessegrupper, politiske grupper, ungdomsråd mm.  i høyringsperioden.

Sist endra 04.02.2019