Du kan søkje på eiga hand
Dersom det er eitt enkelt tilbygg med bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) under 50 m2 kan du stå ansvarleg for tilbygget sjølv og søkje kommunen. Tilbygget kan i tillegg ha kjellar.
Du må søkje med hjelp frå fagfolk
Dersom du skal bygge eller rive eit påbygg, eller tilbygg med samla bruksareal (BRA) eller bebygd areal (BYA) større enn 50 kvadratmeter, eller du skal bygge under eksisterande bygning, må du ta kontakt med fagfolk som kan stå ansvarleg og søkje for deg (ansvarleg søkjar).
Kva avgrensingar gjeld på eigedomen?
Kommune- / reguleringsplan
Det vil vere avgrensingar i kommune- eller reguleringsplan på kva du kan bygge. Dette kan t.d. vere byggegrenser, avgrensing i storleik, høgde, takvinkel o.l.
Sjekk at tiltaket er innafor desse avgrensingane før du går i gang med planlegginga.
Plassering av tilbygget
-
Er det byggegrenser i reguleringsplanen, skal bygningen ligge innafor desse.
-
Dersom det ikkje er byggegrenser på kartet, skal bygningen i utgangspunktet plasserast 4 meter frå nabogrense, jf. plan- og bygningslova § 29-4.
Skal du bygge langs ein veg?
-
Dersom eigedomen din ligg langs fylkesveg, må du sjekke med Statens vegvesen kva for retningsliner som gjeld for avkøyring og byggegrense for din eigedom.
-
Dersom eigedomen ligg langs ein kommunal veg, må du sjekke dette med kommunen.