Publisert 09.10.2017
Spelemidlar

Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Idrettslag, samvirkeføretak, stiftingar eller andre samanslutningar kan søkje om tilskot til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd og som ikkje er underlagt kommersielle interesser.

Publisert 06.10.2017
Austnes.jpg

Haram kommunestyre godkjende med heimel i plan og bygningslova § 12-12 den 28.09.2017 i KS- vedtak 076/17 Detaljplan for regulering til veg med gang/sykkelsti av eit mindre område langs fylkesvegen i Austnes datert 15.03.2017 med føresegner og tilhøyrande dokument datert 26.08.2017. 

Publisert 06.10.2017
Detaljregulering naustområde- Hurla.jpg

Fast utval for plansaker godkjende med heimel i plan og bygningslova  den 03.10.2017 i UPL sak 051/17 at Detaljregulering småbåthamn og naust på gbnr. 23/1 kunne leggast ut til offentleg ettersyn. Formålet med detaljplanen er å legge til rette for bygging av naust i tilknyting til det eksisterande naustområde, samt etablere ny molo.  

Publisert 06.10.2017
Fagdag IP - facebook.jpg

Det vert fagdag om individuell plan i Ålesund 23.november.
Fagdagen er eit samhandlingsprosjekt og målsettinga med den er å informere om og fremme bruken av individuell plan.

Målgruppa for arrangementet er brukarar og pårørande, brukarorganisasjonar, fagpersonar og tilsette i kommune og helseføretak, politikarar, NAV og andre interesserte.

Fagdagen er gratis og alle interesserte er velkomne!

Publisert 29.09.2017
Møte i kommunestyret

Vi har installert to kamera i kommunestyresalen og du vel sjølv kva kamera du ønskjer å sjå. Om du ønskjer å vite fleire detaljar om ei sak, kan du enkelt trykkje på tilhøyrande sakspapir.