Kven er tenesta for?
Ressursbasen er ei gratis, lavterskel helseteneste for barn og unge (0-18 år) med milde til moderate psykiske plager, begynnande rusvanskar og/eller reaksjonar på belastande livshendingar. Vi har eit familieperspektiv og tilbyr foreldrestøtte.
Ressursbasen er ei teneste for alle barn/unge og deira foreldre/føresette i kommunen. Tilbodet kjem i tillegg til andre kommunale tenester, som helsestasjon, skulehelseteneste og fastlege. I ressursbasen er vi eit tverrfagleg team med blant anna terapeuter, psykolog og familierettleiarar.
Vi har fokus på å hjelpe barn og unge gjennom deira viktige vaksne og at vi saman finn vegar som kan bidra til endring.
Tilbodet kan vere aktuelt for:
- Barn og unge opp til 18 år som
- har milde til moderate psykiske plager, til dømes er engsteleg eller nedstemt
- har vanskar med å regulere mat, søvn, følelsar og/eller åtferd
- har begynnande rusvanskar
- strevar med identitet
- har reaksjonar på livshendingar eller belastningar
- Foreldre/føresette som opplever behov for støtte i foreldrerolla.
Kva tilbyr vi?
- kartlegging, rettleiing og oppfølging
- gruppetilbod/kurs
- individuelle samtalar med ungdommen/barnet, foreldrerettleiing, familiesamtalar og familieterapi
- samarbeid med barnehage, skule og andre instansar/tenester når det er ønskeleg og avtalt
- hjelp til å lose til andre instansar/tenester ved behov
Alle som arbeider i ressursbasen har teieplikt.
Ungdom over 16 år bestemmer sjølv om dei ønsker at føresette skal vere med til samtale.
Ressursbasen nytter Helseplattformen som er ei felles journalløysing for sjukehus og kommunale helse -og omsorgstenester.
Sjå aktuelle kurs- og gruppetilbod i ressursbasen
Korleis få tilbod frå ressursbasen?
Du kan ta kontakt med oss via skjemaet du finn under.
Kontaktskjema for ressursbasen (digitalt)
Kontaktskjema for ressursbasen (papirversjon)
Du kan også kontakte oss på telefon tysdagar mellom klokka 12.30 og 14.30, bruk telefonnummer 90 65 67 13.
Meir informasjon
Hjelp til familien ved familievernkontoret
Sjå informasjonsfilmen vår om ressursbasen