Camp Klar

Camp Nordøyane driftar opplæringstilbodet Camp Klar.

Dette er skreddarsydde tiltak for å hjelpe elevar som har høgt skulefråvær, eller som ein ser står i fare for å få det. 

Kommunen sitt nærværsteam tilrår kven som er aktuelle for dette tilbodet.

  • Camp Klar støttar elevar frå heile kommunen. Tiltaka kan gå føre seg på ulike stadar, alt etter kva som er mogleg å få til. 
  • Alt føregår i tett samarbeid med eleven, heimen, nærskulen og ulike kommunale instansar. Ein samarbeider også med ulike lokale ressursar i Haram.
  • Støtta til eleven kan vere ulike praktiske tiltak knytt til eleven sine interesser. Det kan også vere meir teoretisk tilnærming knytt til skulefag, eller skuletrening saman med elevgrupper eller klassar. 
  • Positiv endring føreset tolmod og tilpassing undervegs, og tillit mellom eleven og dei som på ulike måtar støttar utviklinga.

Viktige stikkord i arbeidet til Camp Klar:

  • relasjonsbygging 
  • meistringsopplevingar 
  • styrking av sjølvkjensle
  • sosial samhandling 
  • gradvis auke toleransevindauget for fagleg eksponering 
  • førebuing til VGS 
  • yrkesrettleiing 

Sjå Forebygging.no sin omtale av Camp Klar

 

kveite - Klikk for stort bilete
Glas med mold og plantevekstar - Klikk for stort bilete
Visualisering av kjemisk formel i plast - Klikk for stort bilete
Ei eigna line i ei bøtte - Klikk for stort bilete
grilling av kotelettar i ei grillhytte - Klikk for stort bilete
kunstprosjekt av materiale frå naturen - Klikk for stort bilete
mating av sauar - Klikk for stort bilete
Logoen til camp nordøyane, som viser ein seglbåt. Logoen er designa av Synne Kjerstad. - Klikk for stort bilete