Om våren tek Camp Nordøyane imot 7. klassane i Haram til fire dagars leirskule.
Her får elevane oppleve mange ulike kystnære aktivitetar, under kyndig rettleiing. Desse føregår frå Lepsøya i sør til Finnøya i nord.
Det er stort fokus på lagbygging og godt fellesskap, og elevane får mange nye meistringsopplevingar.
Døme på aktivitetar som elevane har fått oppleve ved leirskulen:
- padling i kano og kajakk
- fisking
- teinedrift
- bogeskyting
- militærøvingar
- kontakt med gardsdyr
- utforsking av livet i fjøra
- maleprosjekt
- frisbee-golf
- symjing i basseng
- turar til fots
- bygging av gapahuk
- spikking
- grilling
- spel og leik ute og inne
- koselege måltid med god mat

Sist endra 12.08.2026 23.55