IT-driftssamarbeidet eKommune Sunnmøre (Fjord, Giske, Haram, Sula og Ålesund) har ei rekkje tiltak som skal bidra til eit trygt og føreseieleg læringsmiljø på dei digitale einingane til elevane.
Berre godkjende pedagogiske applikasjonar blir installert på einingane, og programvare blir kontinuerleg oppdatert. Elevar kan ikkje laste ned og installere anna programvare.
For å verne elevane mot uønska innhald og digitale truslar, nyttar ein avanserte filtreringssystem som blokkerer tilgang til upassande nettsider, anten den digitale eininga blir nytta på skulen eller heime.
Nettverkstryggleik og tilgangskontroll blir ivareteken gjennom bruk av brannmurar som vernar einingane og skil elevane frå andre brukargrupper i nettverket til kommunen.
Døgnkontinuerleg tryggingsovervaking frå ekstern leverandør bidreg til å avgrense konsekvensane av eventuelle tryggingsbrot.
Alderstilpassa trygging av digitale einingar
Haram kommune har innført aldersdifferensierte tiltak for å gi elevane eit trygt og pedagogisk forsvarleg digitalt læringsmiljø. Tiltaka gjeld både når einingane blir brukte på skulen og heime.
For dei yngste elevane er tryggleiken styrka ytterlegare:
- 1. - 2. trinn: Ingen generell tilgang til nettlesar. Elevane får tilgang til utvalde, førehandsgodkjende appar og nettsider.
- 3. - 7. trinn: Alderstilpassa filtrering kombinert med tvungent sikkert søk.
- 8. - 10. trinn: Alderstilpassa filtrering.
Tiltaka er innførte for å redusere risikoen for at barn blir eksponerte for skadeleg eller ueigna innhald, samstundes som skulane framleis kan nytte relevante digitale læringsressursar i undervisninga.
Løysinga byggjer på fleire lag med trygging, mellom anna innhaldsfiltrering, blokkering av uklassifiserte nettsider, bruk av Kripos-lista, teknisk sikring av einingane og kontinuerleg overvaking.
Tryggleikstiltaka er aldersdifferensierte, og for dei yngste elevane (1.–2. trinn) inneber dette at generell tilgang til nettlesar er fjerna, og at berre spesifikke, førehandsgodkjende ressursar er tilgjengeleg.
Vurdering av risiko
Før bruk av program og system vurderer kommunen teknisk og organisatorisk risiko og personvern for elevar, tilsette og foreldre. Vi gjennomfører ROS-analysar og GDPR-undersøkingar, og vurderer mellom anna:
- Behandlar systemet personopplysningar?
- Kva personopplysningar blir behandla?
- Korleis blir personopplysningane behandla?
- Kvar blir personopplysningane lagra?
- Kva konsekvensar kan dette ha?
Når kommunen nyttar eksterne leverandørar av program og datasystem, inngår vi ein databehandlaravtale. Avtalen regulerer tryggleiken rundt behandling av opplysningar, og sikrar at leverandøren behandlar personopplysningar i tråd med lov og forskrifter.
Lover og forskrifter
Viktige lover og forskrifter som regulerer behandling av personopplysningar i skulen inkluderer:
Lagring og sletting av informasjon
Informasjonen som blir samla inn og blir lagra, varierer avhengig av programmet og leverandøren, og blir sletta når denne ikkje lenger er nødvendig for formålet.
Informasjon som etter lov skal arkiverast, blir handtert i samsvar med arkivlova. Sletting av informasjon blir regulert av databehandlaravtale og GDPR, og prosedyrar sikrar trygg oppbevaring og sletting når informasjonen ikkje lenger er nødvendig.
For å lære meir om trygg og ansvarleg bruk av internett, besøk våre tilrådde ressursar:
Nettvett.no
Barnevakten.no
Medietilsynet.no