Nærværsteamet er eit tverrfagleg team med representantar frå PPT, helsestasjonen, barneverntenesta, ressursbasen (psykisk helseteam for barn og unge) og Camp Klar.
Når kan nærværsteamet hjelpe?
Dersom ein elev har bekymringsfullt fråvær, kan skulen ta kontakt med nærværsteamet for råd og bistand. Før teamet blir involvert, må foreldre eller føresette gi samtykke.
Nærværsteamet blir vanlegvis kopla inn når skulen vurderer at det er behov for meir oppfølging eller samarbeid mellom fleire fagpersonar for å hjelpe eleven.
Korleis jobbar nærværsteamet?
Når ei sak blir meldt inn, samarbeider nærværsteamet med eleven, føresette og skulen om å forstå situasjonen og finne gode løysingar. Ein eller to personar frå teamet får ansvar for å følgje opp saka vidare.
Tiltaka blir tilpassa den enkelte eleven.
I nokre tilfelle kan det bli gitt tilbod om alternativ opplæringsarena, jamfør opplæringslova §11-6, individuelt tilrettelagt opplæring. I Haram kommune er den alternative opplæringsarenaen Camp Klar, og tilbodet er ein del av Camp Nordøyane
Her kan du lese meir om Camp Nordøyane.