Søk om helse- og omsorgstenester

Slik søker du helse- og omsorgstenester tilpassa din situasjon. Det er ingen søknadsfrist, søknadane blir normalt behandla innan fire veker. Dersom det tar lengre tid vil du bli varsla om det.

Når du søker om helse - og omsorgstenester vurderer Koordinering og tildeling, saman med deg, kva tenester du har behov for. Du fyller derfor ut ein generell søknad, der du blir beden om å beskrive situasjonen din og kva du treng hjelp med.

Kva hjelp kan du få?

Slik søker du

I søknadsskjemaet beskriv du behova dine, og kva du treng hjelp til.

Nokre gonger treng vi informasjon om deg som er teiepliktig, frå til dømes fastlege, helsepersonell eller andre for å kunne vurdere søknaden. I søknaden kan du velje å samtykke til dette.

Bruk helst HelsaMi for å søke om helse- og omsorgstenester. Du kan bruke appen HelsaMi eller klikke på lenken nedanfor. Ved å bruke HelsaMi når du søker, vil søknaden komme direkte inn til Koordinerring og tildeling, og prosessen vil kunne gå raskare. Du kan også gi pårørande tilgang i HelsaMi-kontoen din, slik at dei kan hjelpe deg med å søke. 

Hjelp til søknaden

Ta gjerne kontakt med Koordinering og tildeling eller Innbyggarservice for rettleiing og hjelp til søknaden.

Søk i HelsaMi

Søke på vegne av deg sjølv

  • Logg inn på HelsaMi, enten via app eller i nettlesar
  • Trykk på menyknappen oppe til venstre
  • Gå til Søknader og vedtak, under Min helse
  • Trykk “Send inn en henvendelse”. 
  • Svar på om du har barn under 18 år. 
  • Velg: “Koordinering og tildeling”. 
  • Fyll ut søknaden så grundig og utfyllande du kan
  • Send inn

Søk om teneste i HelsaMi

Søke på vegne av barn eller nokon andre

I HelsaMi må du få tilgangar og etter det søke om tenester på vegne av dei. Dette kan ta litt tid.  Slik gjer du det: 

Søk med papirskjema

Papirskjema er for deg som ikkje kan bruke digitalt skjema. Du kan laste ned papirskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 140 kB) som du skriv ut sjølv, eller du kan få det frå innbyggarservice.

  • Fyll ut og signér skjemaet
  • Send inn søknaden:
    • Skann og send som sikker eDialog 
    • Send i brevpost til Haram kommune, Koordinering og tildeling, Postboks 33, 6282 Brattvåg

Søke på vegne av nokon andre med papirskjema? 

Dersom du søker på vegne av ein annan, må du krysse av for det og signere i skjemaet. Du må også ha ei skriftleg fullmakt frå den du søker på vegne av. Den må du sende inn saman med søknaden.

Svar på søknad

Vi tar kontakt med deg etter at vi har mottatt søknaden, og vi vil i samarbeid med deg finne ut kva hjelpetilbod du har behov for. I nokre tilfelle kjem vi heim til deg for kartlegging, for å finne dei beste løysingane. Tenesta blir tildelt etter ei fagleg vurdering. Vi har teieplikt og behandlar alle søknadar og personlege opplysningar konfidensielt.

Saksbehandling

Vi prøver å behandle alle søknader innan 4 veker. Du får beskjed om vi treng lengre tid.

Om du får vedtak om tenester, blir den eninga som skal utføre tenesta varsla om at dei skal starte opp. 

Klage på helse- og omsorgstenester

Du kan klage dersom du ikkje får tenester du meiner du har rett på, eller er misnøgd med tilbodet, forhold ved tenesta eller saksbehandlinga. 

Slik kan du klage på på helse- og omsorgstenester