Kontakt rådmannen

 
Rådmannen i Haram kommune
Turid Hanken
Telefon 70 20 75 30 / 950 26 086
E-post:  turid.hanken@haram.kommune.no
 
I kommunelova er det slått fast at det i kvar kommune skal tilsetjast ein administrasjonssjef - rådmann. Lova fastset og rammene for rådmannen sine oppgåver og viser kva mynde han skal ha.
  • Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjonen.
  • Han har møte og talerett i alle kommunale folkevalde organ med unntak av kontrollutvalet.
  • Rådmannen er ansvarleg for at dei sakene som vert lagt fram frå administrasjonen er forsvarleg utgreidd, og for at folkevalde sine vedtak vert sette i verk. 
 
I følgje lova er det kommunestyret eller andre folkevalde organ som kan gi rådmannen mynde til å ta avgjerd i einskildsaker eller saker som ikkje er av prinsipiell karakter.
 
I Haram har kommunestyret i eige delegasjons-reglement gitt følgjande mynde til rådmannen:
 
"Med heimel i kommunelova § 23 pkt.4, gjev kommunestyret rådmannen mynde til å gjere vedtak i einskildsaker eller saker som ikkje er av prinsipiell verdi, dersom ikkje anna er bestemt andre stader i reglementet."
 
Kommunelova seier og at medan folkevalde organ berre kan delegere avgjerdsmynde til rådmannen, kan rådmannen delegere administrativt mynde vidare i organisasjonen, dersom ikkje kommune-styret har gjort vedtak om avgrensingar i denne retten.
 
Kommunestyret kan også gi rådmannen mynde til å leggje ned eller opprette stillingar og til å ta avgjersle i personalsaker.

Kontaktpersonar

Turid Hanken

Rådmann
Telefon : 70 20 75 30
E-post : Send e-post