Kva er Mission Possible?

Mission Possible er ei felles satsing for å styrke tidleg, rett og koordinert hjelp til barn i risiko. Aktørane er Helse Møre og Romsdal, Bufetat, Politiet og 16 kommunar på Sunnmøre gjennom Sunnmøre Regionråd.

 

Det er til ei kvar tid fleire underprosjekt under Mission Possible-paraplyen som jobbar med ulike utfordringar. Eksempel på dette er rutinar for mistanke om vald eller overgrep og rutinar for heilskapleg omsorg for fosterbarn, herunder rutiner for tilsyn av fosterbarn. 

Samling og samarbeid viktig i Mission Possible

Det har heilt siden starten vore halde ei rekkje fagdagar med mellom 100 og 500 deltakarar. No i 2018 står psykisk helse hos barn og unge på dagsordenen og i april vert vel 160 deltakarar samla i Loen for å starte arbeidet med å lage planar for psykisk helsearbeid i eiga kommune. Desse planane vil innehalde alt frå strategisk førebyggingsarbeid til konkrete rutinar ved alvorlig psykisk sjukdom hos barn og unge på Sunnmøre. 

 

Sist endra 19.04.2018
Fann du det du leitte etter?