Bakgrunn og visjon for Mission Possible

Mission Possible starta opp i 2012 i forlenginga av kompetanseløft barnevern Møre og Romsdal og piloten som seinare vart barnevernleiarutdanninga.


Prosjektet vart til i erkjenning av at ingen av aktørane i Mission Possible-nettverket åleine kan hjelpe alle barn i risiko, men med god samhandling vil sjansane auke betrakteleg. Frå 2015 forlét ein prosjektorganiseringa og det vart ei forutsetning at arbeidet skulle pågå fast med visjonen:

 


«Alle 18-åringar på Sunnmøre skal anten vere under utdanning eller i arbeid»



Om vi lukkast med denne visjonen vil ikkje berre kvart enkelt barn og ungdom ha ein bedre oppvekst, men dei samfunnsmessige konsekvensane vil òg bli store i form av mindre fråfall i videregåande skule og ikkje minst færre unge uføre.  

Sist endra 16.04.2018
Fann du det du leitte etter?