Nyhende - Mission Possible
Publisert 22.01.2019
Mission Possible - workshop.jpg

MISSION POSSIBLE inviterer til ny workshop i Ålesund den 20. februar 2019. Målgruppa for samlinga er alle som jobbar med barn og unge i helsestasjon, barnehage, skule, barnevern og andre kommunale tenester, helseforetak og Bufetat.

Tema for dagen er evaluering av felles rutine for heilskapleg ivaretaking av barn og unge i samband med tilrettelagte avhør (tidlegare drøfta i workshop 29. mars 2017 og iverksett i 2018).

Erfaringar frå implementering vil bli delt og det vert invitert til dialog.

Publisert 30.10.2018
MP-fyrstikk.png

På denne samlinga ønsker vi å legge vekt på korleis vi best kan hjelpe barn og unge som er psykisk sjuke eller har utvikla eit problem som er vanskeleg å løyse, men også sjå på korleis vi systematisk og tverrfagleg kan forebygge og gripe inn tidleg i problemutvikling. 

Kva mulegheiter har vi, og korleis kan vi saman – på tvers av fag og nivå – finne gode løysingar til barn og unge sitt beste når situasjonen er vanskeleg?
Publisert 23.04.2018
Rapport barneombud 2018.png

Barneombodet sin rapport «Hadde vi fått hjelp tidligere så hadde alt vært annerledes» er no lagt ut. Barneombodet sjølv seier følgjande: 

Publisert 19.04.2018
feedback.jpg

Vi vil gjerne ha innspel til korleis vi kan lage nettsida til Mission Possible så god og nyttig som mogleg.

Om du har tankar rundt innhald og  organiseringa av dette set vi pris på å høyre frå deg!

Kontaktinformasjonen vår finn du til høgre på sida, takk for hjelpa di! :)

Publisert 17.04.2018
Vi er i gang!.JPG

Arbeidssamlinga i Loen er no godt i gang! Det er kjekt å sjå så mange kjende fjes i forsamlinga og ikkje minst er det kjekt å kunne ønskje nye deltakarar velkomne til arbeidet med å utvikle Mission Possible!

Publisert 13.04.2018
MP - Facebook.jpg

 

Fann du det du leitte etter?