Årets leseaksjon i gang!

100.jpg - Klikk for stort bilete No er årets leseaksjon i gang i Haram kommune! Ved Flem skule starta leseaksjonen med ein «togtur» til Hamar stasjon. Lærarane hadde ikledd seg uniformer frå «NSB» og det vanka både gratisbillettar og servering i tog-kupeane.

I løpet av dei neste to vekene skal elevane i Haram lese seg heilt til Svalbard på 78 grader Nord. 

Alle skulane i Haram har også fått tilgang på den digitale leseressursen «Lesemeister.no» som eit supplement til vanlege bøker.
 
Ved Flem skule har dei til og med laga si eiga «lesegrotte» der elevane dagleg får kome innom for ei lesestund.
 
Leselosane Ola Einar Flem og Bente Emma Austnes er begge lærarar ved Flem skule, og har vore pådrivarar for lesearbeidet i Haram. No ser dei fram til resten av lesereisa/ leseaksjonen, som blir avslutta rett før påskeferien.
 
Fotograf: Flem skule Togtur til Hamar Den digitale leseressursen, lesemeister.no Lesereisa har starta frå Hamar stasjon Fotograf: Flem skule Fotograf: Flem skule Fotograf: Flem skule Fotograf: Flem skule Fotograf: Flem skule Fotograf: Flem skule
 
Sist endra 09.03.2018