Årets Stikk UT!-turar er klare!

Stikkut2png.png - Klikk for stort bilete 1. mai startar årets Stikk UT!-sesong. Nedanfor ser du alle turane som er med i vår kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandane i løpet av veke 17. Om du treng fleire kan du hente det gratis på servicetorget i kommunen.

Nytt i år er at alle turane i fylket blir presenterte i same kartet og på den same nettsida. Det betyr at små og store turglade kan velje og vrake i 381 turar i 30 av kommunane i fylket. Du finn meir informasjon om Stikk UT! og oversikt over alle turmåla på stikkut.no

Trykk her for å sjå alle StikkUt-turane i området

Legg merke til at mange av turane ikkje kan opnast den 1. mai p.g.a. mykje snø i fjellet i år. Sjekk turforklaringa om opningsdato før du legg ut på tur.
 
Turmål i haram kommune Vanskegrad  
Bjørnøya kystfort​ grøn  
Fjørtoftneset grøn  
Halsane grøn  
Hellenakken blå  
Hestevatnet grøn  
Kulturstien rundt Lepsøya blå  
Remmefjellet blå  
Samhjarte blå  
Sethsdemma grøn  
Skulen blå  
Slyngstad -Fannevatnet grøn  
Stormyrhytta blå  
Tverrbotshornet (Tverrfjellet) raud  
Urfjellet raud  
Vestresætra blå  
Sist endra 20.04.2018