Bålforbodet vert oppheva frå 3. april

Bålforbod oppheva.jpg - Klikk for stort bilete

Brannsjefen opphevar i dag 3. april kl. 18.00 det midlertidige bålforbodet i kommunane Giske-, Haram- og Ålesund. 

Det kom litt snø i går, og det er meldt nedbør til natta, og på bakgrunn av det kan bålforbodet opphevast. Det vert likevel vist til det generelle bålforbodet som gjeld frå 15.april til 15.september, og den lokale forskrifta om open brenning som gjeld i Ålesund.

Forbod sidan 29. mars

Den 29. mars gjekk  Ålesund brannvesen KF ut med vedtak om bålforbod på grunn av mange dagar utan nedbør kombinert med kulde og vind, som utgjorde ein stor fare for gras- og lyngbrann.
 
Sist endra 03.04.2018