Bli med på open dag på brannstasjonane våre

Brannvernuka2.png - Klikk for stort bilete Velkomen til open dag på brannstasjonen. Her kan du sjå korleis brannfolka har det på arbeid. Du kan lære meir om brann og brannvern, delta på konkurransar, sjå brannbilane og mykja anna. 

Dette er lærerikt og spanande for alle :)

 
Open dag på brannstasjonen er ein del av brannvernveka. Tema er som vanleg branntryggleik i heimen, med hovudfokus på å vere budd på kva ein skal gjere om det brenn.

Følgande brannstasjonar har open dag laurdag 22.09 mellom klokka 11.00 til 14.00.

  • Brattvåg Brannsatasjon
  • Fjørtoft Brannsatasjon
  • Longva brannstasjon
  • Søvik brannstasjon
  • Vatne brannstasjon

** Longva og Austens brannstasjon vil ha stand i Nordøyhallen under HaNo-dagane søndag 23.09.

 

 

Sist endra 18.09.2018