Borgarleg vigsel

borgarleg viglse 2.jpeg - Klikk for stort bilete

Frå 1. januar 2018 tek kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Norge. Ordførar og varaordførar er mellom dei som har mynde til å vigsle eit brudepar. Kommunestyret kan i tillegg velje andre tilsette eller folkevalde til å utføre vigslar. Ta kontakt med oss for å vite kor og når det er mogleg å gifte seg.  

Prøvingsattest

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før bryllaupet.

Sjå Skatteetaten: Vegen til ekteskapet - steg for steg

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til oss. Attesten er gyldig i fire månader.

Bestille tid for vigsel

Når vi har motteke gyldig prøvingsattest kan du bestille tid for vigsel. Ta kontakt på telefon 70 20 75 00. 

Pris 

Vigslar er gratis dersom du bur i kommunen du vil gifte deg i. Dette gjeld sjølv om du for tida er busett i utlandet.
Ønskjer du å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må du rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.

Korleis blir seremonien?

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter bryllaupet. Samstundes får de ein kopi. Han fungerer som midlertidig vigselsattest inntil de får den endelege i posten frå Folkeregisteret. 
Sist endra 24.10.2017

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post