Du kjem vel på Sjekk inn?

plakat_fjell_sjekkinn_web_NY.jpg - Klikk for stort bilete ♥ du Sunnmøre? Lengtar du heim til ho mor? Då vil vi gjerne sjå deg på Sjekk inn på Terminalen i Ålesund 29. desember. 

I romjula vil dette vere staden der du som student, utflytta sunnmøring eller arbeidssøkjande kan vere med på ein kveld fylt av underhaldning, mingling og skape kontakt med lokalt næringsliv. Og arrangementet er gratis!

Kva går kvelden ut på?
18.00 Tapas og mingling, besøk på stands.
19.30 Underhaldning frå scena med musikar Egil Olsen. 
20.00 Arrangement er over
20.30 Julebingo med Jann Leithe. Ope for alle - dei som deltek på Sjekk inn får gratis inngang. 
 
Kven kan eg møte?
29. desember vil by på eit mangfaldig arbeidsmarknad frå Ålesundsregionen. Du kan møte Advocator Advokatfirma AS , Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, Avento, Brisk, Cflow, Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Ekornes, ELLE mELLE, Helse Møre og Romsdal HF, H.I. Giørtz, I&M Kommunikasjon, Kystverket,  Moe Helse AS, Momentium, NAV Ålesund, Optimar, PwC, Region Ålesund, VARD og ÅKP.
 
Kven står bak? 
Sjekk inn arrangerast av Region Ålesund, kommunane Giske, Haram, Sandøy, Sula, Skodje, Ørskog og Ålesund. 
 
Fleire aktørar er også med på laget for romjulas happening. Samarbeidspartnarar som Sunnmørsposten, Næringsforeningen, Studentparlamentet, Sparebank 1 SMN, Bypatrioten og Momentium. 
 
Kvar kan eg melde meg på?
Meld deg no på facebookarrangement for oppdateringar, slik at du den 29. desember er klar for å Sjekke inn. Vi ynskjer påmelding fordi vi vil vite kor mykje mat vi skal bestille. Arrangementet er for unge vaksne. 
 
Velkomen!
Alle_logoer_bedrifter_kommer.jpg - Klikk for stort bilete
Sist endra 08.12.2016