Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 og seinare

Alle kvinner som er fødde i 1991 og seinare, får frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit toårig vaksinasjonsprogram. Programmet startar opp i november 2016. Vaksinen er tilrådd til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadium til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 

hpv-vaccine 2.png - Klikk for stort bilete

 

Korleis få vaksina i Haram kommune?

Helsestasjonen i Brattvåg tilbyr vaksinasjon følgjande datoar denne hausten:
  • Måndag 28. mai (kl 14-16)
  • Måndag 24. september (kl 14-16)
  • Måndag 29. oktober (kl 14-16)
  • Måndag 3. desember (kl 14-16)
 
For å kome med i vaksinasjonsprogrammet må første vaksinasjon skje seinast i desember 2018.
 
Ein treng ikkje å bestille time, men gyldig ID må takast med.
 
Dersom du har spørsmål eller ønskjer meir informasjon om vaksineringa kan helsesøster Lena Otterlei  kontaktast på telefon 476 87 905.
 

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, mesteparten av dei i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65 - 100 døyr av sjukdomen. Vaksinen kan gi vern sjølv om ein har debutert seksuelt.   
 
HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner som er fødde i 1991 og seinare, også få tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gitt over 6-12 månader og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.
 

 

Sist endra 31.08.2018

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post

Sonja Beate Alvestad

Fagansvarleg for helsestasjonteneste 0-6 år
Telefon : 916 38 866
E-post : Send e-post