Haram ferieklubb - «Bli med 2017»

Ferieklubb facebook.jpg - Klikk for stort bilete

Haram kommune inviterer også i år til ferieklubb. Det vil bli aktivitetar kvar tirsdag, onsdag og torsdag kl 10-15, f.o.m. veke 27 t.o.m. veke 31. Målgruppa for tilbodet er barn i alderen 9-12 år.

Aktivitetar

For kvar veke vert det ein dag med
  • friluftsliv
  • organisert fysisk aktivitet (t.d. handball, fotball svømming. klatring, riding etc.)
  • opplevelsesaktivitet (t.d. klatrepark, akvarium, kino, bowling)
Det vil bli laga felles lunsj kvar dag. Ta med eiga drikkeflaske.
Oppmøte ved Brattvåg barneskule, SFO (inngang frå Skulevegen)
 

Påmelding

Påmelding kan sendast til  haram.ferieklubb@haram.kommune.no.
Påmeldinga er bindande, dvs at ein blir fakturert ved manglande oppmøte. Det er plass til maks 20 deltakarar per veke. Dersom det blir fleire påmeldte enn der er plass til vil vi fordele plassane mellom vekene slik at flest mogleg får vere med.
Frist for påmelding er 20. juni 2017
 
Husk dette ved påmelding:
  • Namn og fødselsdato på barnet
  • Kontaktinformasjon til føresette
  • Ev. allergiar eller spesielle behov
  • Samtykke til å bli fotografert (til heimeside/ev media)

Deltakaravgift

Det vil bli fakturert kr 500,- per veke i eigenandel til ådekkje utgifter til lunsj og aktivitetar. 
 
Det kan søkjast om økonomisk stønad til avgifta, vi ber om at dette ev vert gjort i same e-post som påmeldinga.
 
Ved spørsmål eller for meir informasjon, kontakt Laila Grytten (tlf 70 20 76 67) eller servicetorget (tlf 70 20 75 00).
 
 
 
Sist endra 16.06.2017