Haram ferieklubb - «Bli med 2018»

Ferieklubb 2018 facebook.png - Klikk for stort bilete

Haram kommune inviterer også i år til ferieklubb. Det vil bli tilbod om aktivitetar tre dagar per veke i veke 27 (2. juli)  t.o.m. veke 30 (27. juli). Målgruppa for tilbodet er barn som går i 4. til 7. klasse.

Aktivitetar

Det er lagt opp til aktivitetar som til dømes
  • tur/friluftsliv
  • organisert fysisk aktivitet 
  • opplevelsesaktivitet

>>> Her finn du førebels program for Ferieklubben «Bli med 2018» (PDF, 466 kB)

Det vil bli laga felles lunsj kvar dag. Ta med eiga drikkeflaske.
 

Oppmøte

Oppmøte ved gamle sjukeheimen i Brattvåg (Dalevegen 46) kl 10.00. Dagane vert avslutta same stad kl 15, om ikkje anna beskjed vert gitt.
 

Påmelding

Påmelding kan sendast til  haram.ferieklubb@haram.kommune.no.
Påmeldinga er bindande, dvs at ein blir fakturert ved manglande oppmøte.
Det er plass til maks 20 deltakarar per veke. Dersom det blir fleire påmeldte enn der er plass til vil vi fordele plassane mellom vekene slik at flest mogleg får vere med.
 
Frist for påmelding er 17. juni 2017
 
Husk dette ved påmelding:
  • Namn og fødselsdato på barnet
  • Kontaktinformasjon til føresette
  • Ev. allergiar eller spesielle behov
  • Samtykke til å bli fotografert (til heimeside/sosiale media og ev media)

Deltakaravgift

Det vil bli fakturert kr 500,- per veke i eigenandel til å dekkje utgifter til lunsj og aktivitetar. 
 
Det kan søkjast Ressursbasen om økonomisk stønad/friplass, vi ber om at dette ev vert gjort i same e-post som påmeldinga.
 

Praktisk informasjon om Ferieklubben

  • Ferieklubben vert arrangert av Haram kommune v/ Ressursbasen, ved hjelp av tilskotsmidlar frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.
  • Leiar for Ferieklubben 2018 er Synnøve Nedreskodje
 
Ved andre spørsmål eller for meir informasjon, kontakt Ressursbasen v/ Laila Grytten på tlf 482 13 266 / e-post Laila.Grytten@haram.kommune.no, eller servicetorget (tlf 70 20 75 00).
 
 
 
Sist endra 12.06.2018