Haram kan bli Norges beste vertskapskommune for næringslivet

aa.jpg - Klikk for stort bilete

Haram kommune er stolt av å kunne meddele at vi er innstilt som finalist til prisen Norges beste vertskapskommune for næringslivet! 

Kåring av vinnarane skjer på Kommunalpolitisk Toppmøte i Oslo tysdag 9.april kl 10.30. Prisen vert delt ut i eit samarbeid mellom KS og NHO, og bak kåringa står ein jury beståande av begge partar. 
 
 
I kunngjeringa av finalistane står det om prisen: 
 
For næringslivet kan en kommune som er flink til å legge til rette for næringsutvikling representere bedriftenes kanskje aller viktigste konkurransefortrinn. 
 
For å styrke samarbeidet mellom kommuner og næringsliv, ønsker KS og NHO i samarbeid å løfte frem gode eksempler for å lære av disse. Hovedmålet med initiativet er å skape en positiv oppmerksomhet om et viktig samfunnsområde, og samtidig stimulere til dialog og rolleforståelse mellom kommuner og næringsliv.
 
Det skal delast ut ein pris for store kommunar og ein for mindre kommunar. Haram er ein av tre finalistar i kategorien mindre kommunar. Også Rauma kommune i Møre og Romsdal er finalist i den same kategorien. 
 
Les meir om finalistane, grunngjeving for innstillinga og Kommunalpolitisk toppmøte her: 
 

Kommunalpolitisk Toppmøte blir streama og ein kan følgje kåringa direkte på KS si nettside.

Haram kommune håper sjølvsagt å nå heilt til topps, og deltar på toppmøtet med ordførar Vebjørn Krogsæter, rådmann Turid Hanken og dagleg leiar i Haram og Innovasjonsforum Henrik Dalelid Vedde. 
 
Sist endra 09.04.2019