Haram kommune har fått sin eigen Morotur-redaktør!

morotur.png - Klikk for stort bilete

Frå og med 01.01.2017 vil folkehelsekoordinator Ida Vollan Wisth fungere som morotur-redaktør i Haram. Det at vi i kommunen har fått ein eigen redaktør, vil gjere det enklare å redigere moroturomtalane som ligg ute på fylkeskommunen si side slik at dei alltid er oppdaterte.

Det vil vere ope for at innbyggjarane i Haram kan ta kontakt med redaktøren om det er noko som bør redigerast inne på turomtalane, som til dømes turlengde, vanskegrad, veiskildring m.m..
 

Trykk her for å lese meir om morotur.no

Sist endra 16.12.2016