Høyring: Framtidig oppvekstsstruktur i Haram

Temamøte oppvekstsstruktur - Event fb.jpg - Klikk for stort bilete

Ad-hoc utvalet har kome med framlegg til kommunestyret om framtidig oppvekstsstruktur i Haram. Du finn framlegget og sakspapir elles lengre nede i artikkelen. Det vert åpna for å kome med supplerande høyringsuttalar fram til kommunestyremøtet 14.12.17
 

 Trykk her for å sende inn innspel til høyringa

Innspel som kjem innan 1 veke før vert teke med i sakspapira som vert sendt ut til kommunestyremedlemmane, innspel som kjem seinare vert lagt fram i møte.

Framlegg frå Ad-hoc utvalet

Ad-hoc utvalet for framtidig oppvekststruktur vil rå formannskapet til å gjere slikt vedtak:

  1. Kommunestyret vedtar 3 ungdomsskulekrinsar i Haram; Eidet, Brattvåg og Haramsøy.
     
  2. Kommunestyret går  inn for å behalde struktur på barneskulane som no inntil vidare.
    Kommunestyret ber administrasjonen om å utrede ulike alternativ for samlokalisering av barnehagar og barneskular på Nordøyane. 
     
  3. Kommunestyret vil starte arbeidet med å utvide barnehagetilbodet i  området Tennfjord/Vatneeidet og ber difor administrasjonen om ei utredning av følgande alternativ:
  • Ny barnehage for 80-100 barn samlokalisert med barneskule på Vatneeidet, ikkje organisert      som oppvekstsenter.
  • Bygging av ny barnehage for 80-100 barn på tomta til Tennfjord skule.
  • Ombygging av skulebygg i Tennfjord til barnehage for 80-100 barn.

 

Trykk her for å lese saksframlegget frå Ad-hoc utvalet (PDF, 488 kB)

Trykk her for å lese utredning om framtidig oppvekststruktur

Trykk her for å sjå alle sakspapir knytt til saka

Sist endra 06.12.2017