Høyring om breibandsutbygging

Broadband_photo_SeanMacEntee_Flickr_adapted.jpg - Klikk for stort bilete

Nye Ålesund skal søkje om pengar for å bygge ut breiband der dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut, og ønskjer innspel frå innbyggjarar, organisasjonar og verksemder om kva område søknaden bør omfatte. Fristen for innspel er 10. mai.

 

Kommunane i nye Ålesund kommune ser det som viktig at breiband er tilgjengeleg for innbyggarane i heile kommunen. Dette er nedfelt i intensjonsavtalen for kommunesamanslåinga. Difor vil vi no søkje om midlar til breibandsutbygging, og vi ønskjer konstruktive innspel frå innbyggjarar, organisasjonar og verksemder i arbeidet med å levere ein god søknad.

Bakgrunnen for søknaden

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) organiserer ei tilskotsordning der kommunar kan søkje om tilskot til breibandsutbygging i område dei kommersielle aktørane ikkje finn det lønsamt å byggje ut. 
Støtteordninga gjeld område der husstandar og verksemder er utan tilbod eller har ei breibandshastigheit på under 10 megabit per sekund. Det kan og søkjast om tilskot til område med reell hastigheit mellom 10 og 30 megabit per sekund.
I 2018 vurderer vi å søkje om midlar for å bygge ut breiband kring dei følgjande områda:
Haram kommune
  • Krogsæter
  • Vestrefjord
  • Hellestrand
  • Ertresvågen
  • Hellandshamn-Skor- Baraldsneset
  • Reme
  • Gamlem-Hildre
  • Grytastranda-Slyngstad
  • Deler av Lepsøya
  • Deler av Haramsøya
  • Deler av Flemsøya/Skuløya
  • Deler av Fjørtofta
Sandøy kommune
  • Harøya
  • Finnøya
Skodje kommune
  • Fylling, Langneset
  • Nes
  • Innvika
  • Reiakvam, Brusdal
  • Glomset
  • Håem
 
Ørskog kommune
  • Barlindhaugen, Solnørdalen og Brautene
  • Valbøen, Gausneset, Amdam, Skarbø, Vestre, Vaksvika, Hatlen
 
Ålesund kommune
  • Sørsida av Ellingsøya
  • Alvika, Storneset
  • Litlestølen, Uraneset
Prosjektet er eit spleiselag der kommunane, Nkom og utbyggjar bidreg. Det kan og vere aktuelt at innbyggjarane bidreg med dugnadsarbeid som f.eks. graving på eiga tomt.
Samstundes med denne høyringsrunden vil kommunen gjere nærare utgreiing av område og kostnad for utbygging. Det kan òg vere aktuelt å søkje om midlar for andre område enn dei som er lista opp her.
 

Har du innspel til søknaden?

Gå gjerne saman fleire og beskriv eller mål dekninga der de bur. Skriv gjerne om ynskje og behov for breiband. Det er òg mogleg å komme med innspel til område.
For spørsmål kan de ta kontakt med Helge Veum på helge.veum@alesund.kommune.no eller tlf. 47505070.
Merk innspel med «Breiband 2018» og send til post.nyealesund@alesund.kommune.no innan 10. mai. 
 
 

 

Sist endra 10.04.2018