Høyring om forskrifter - nye Ålesund kommune

Foto: Peder Otto Dybvik - Klikk for stort bileteFoto: Peder Otto Dybvik

Fire forskrifter blir no lagt ut til høyring i kommunane i nye Ålesund. Det gjeld gebyr for saker som gjeld forureirng, brenning av avfall, nedgravne oljetankar og feitthaldig avløpsvatn i avløp. Høyringsfristen er 11. november.

Høyring om Forskrift om gebyr for saksbehandling, kontroll og tilsyn etter forureiningsregelverket

Forskrifta omfattar gebyr for saksbehandling og kontroll/tilsyn med:
1.    opprydding i forureina grunn ved bygge- og gravearbeid 
2.    utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustadhus, hytter og liknande 
3.    utslepp av kommunalt avløpsvatn frå mindre busetnadar 
4.    utslepp/påslepp av oljehaldig vatn
5.    påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentleg avløpsnett
6.    forbod mot bruk av mineralolje (fossil olje og parafin) til oppvarming av bygningar
 
Høyringsfrist: 11.11.2019.
 

Høyring – Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar

Føremålet med denne forskrifta er å hindre forureining og helseproblem i kommunen på grunn av bålbrenning og brenning av avfall i småomnar. Forskrifta skal klargjere kva som skal vere tillate av slik brenning.
Høyringsfrist: 11.11.2019.
 

Høyring om Forskrift om nedgravne oljetankar

Føremålet med denne forskrifta er å motverke fare for forureining frå nedgravne oljetankar. Forskrifta seier også noko om kva områder i kommunen forskrifta skal gjelde for og om størrelsen på tankar som er omfatta.
Høyringsfrist: 11.11.2019.
 

Høyring om  Forskrift om påslepp av feitthaldig avløpsvatn til offentlig avløpsnett

Føremålet med denne forskrifta er å sikre at kommunalt avløpsnett, pumpestasjonar og reinseanlegg ikkje skal få driftsproblem grunna påslepp av feitthaldig avløpsvatn.
Forskrifta skal sikre at feitt blir fjerna ved kjelda og ikkje blir tilført kommunalt avløpsnett. Forskrifta gjeld for alle verksemder som har påslepp av feitthaldig avløpsvatn, der påsleppet er større enn eit gjennomsnittleg hushald.
Høyringsfrist: 11.11.2019.
 
Høyringsinnspel kan sendast til Nye Ålesund, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller digitalt på e-post til post.nyealesund@alesund.kommune.no.
 
 
 
Sist endra 27.09.2019