Høyring: Utbygging av breiband i Haram kommune

Høyring - breiband.jpg - Klikk for stort bilete

Haram kommune har fleire område som har dårleg breibandstilbod og ein ynskjer å identifisere desse områda for deretter å vurdere om ein skal søkje etter breibandtilskot. For å kunne søkje er eitt av krava i søknaden at planen for utbygging skal vere til høyring i ein månad.

Regjeringa har gitt Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Berre kommunar og fylkeskommunar kan søkje NKOM om denne breibandstønaden.  

Formålet med ordninga er å bidra til at alle husstandar får tilbod om breiband av grunnleggande god kvalitet. Breiband av grunnleggande god kvalitet har NKOM definert å vere breibandstilbod med meir enn 4Mbit/s fart. Breibandstilbod som fører med seg avgrensingar for «normal» bruk av tenester og innhald blir heller ikkje rekna for å oppfylle kravet. Dette gjeld m.a. lang tidsforseinking/responstid og små volumkvoter for nedlasting. Det kan også gis tilskot for å auke kapasiteten for breiband i områder der det ikkje kan ventast å komme nye kommersielle tilbod i dei nærmaste åra.

Det er seks evalueringskriterium for tildeling av breibandsstønad:
  1. Talet på nye husstandar som får eit breibandstilbod
  2. Kostnadseffektivitet
  3. Lokal medfinansiering
  4. Plan for berekraftig drift
  5. Betring av eksisterande breibandstilbod
  6. Kva dette har å seie for lokal samfunnsutvikling

Vektinga  av dei ulike kriteria kan ein lese meir om i denne skildringa av tilskotsordninga for breibandsutbygging. (PDF, 207 kB)

 

Ein føresetnad for å søkje om statleg tilskot frå denne ordninga er at kommunen må kunngjere dei geografiske områda i kommunen ordninga skal gjelde for. Ein anna føresetnad er at det skal giast moglegheit for alle interesserte partar å gi innspel til kommunen som kan vere vesentleg for søknaden. Haram kommune ynskjer innspel til prioritering av område og eventuelle lokale forhold som bør vektleggast. Jfr. evalueringskriteria.

I samband med evt. søknad frå Haram kommune vil vi invitere bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til utbyggingsplan for kommunen innan 23. april 2017.
 
Innspel kan sendast postmottak@haram.kommune.no og merkast «Høyringsuttale breibandsutbygging».
 
Kunngjering skjer berre på Haram kommune si heimeside.
 
Sist endra 18.04.2017

Kontaktpersonar

Servicetorget hjelper deg gjerne

Telefon : 70 20 75 00
E-post : Send e-post

Per Langnes

Leiar Stab/støtte
Telefon : 70 20 76 11
E-post : Send e-post