Informasjonsmøte om Hamnsundsambandet

hamnsundsambandet_nordplan_illustrasjon.jpg - Klikk for stort bilete

Denne våren er forslaget om tunnelforbindelse mellom Hamnsund i Haram og Kverve på Ellingsøya, samt fastlandsforbindelse til Store Kalvøy vore til behandling i dei tre kommunane Ålesund, Giske og Haram.

Torsdag 15. juni vert det felles ope informasjonsmøte for Haram og Ålesund om planen.

Tid: Torsdag 15. juni kl. 20:00
Stad: Bygdestova i Eidet kulturhall på Vatne, Haram kommune

 

Du kan ytre di meining om Hamnsundsambandet

Kommunen ønskjer også dine tilbakemeldingar for kommunedelplan for Hamnsundsambandet. 
Ålesund kommune behandlar planen parallelt. 
 
 
Planen ligg føre med to alternativ: 
Alternativ E1B er lagt til grunn som hovudalternativ for vegtrase og for sluttbehandling av planen.
 
Du kan sende dine synspunkt til kommunen på følgjande måtar:
  • På e-post til:  postmottak@haram.kommune
     
  • Per post til: 
    Haram kommune,
    Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning,
    Storgata 19, 6270 Brattvåg
 
Høyringsfrist: 16. august 2017
 
 
Sist endra 09.06.2017