Innskriving av elevar til 1. trinn i den kommunale grunnskulen i Haram skuleåret 2018-19

Innskriving skule.jpg - Klikk for stort bilete Det er snart tid for innskriving av elevar til 1. trinn skuleåret 2018-19, barn fødd i 2012.

 

Kvar og når er det innskriving?
Innskrivinga vil gå føre seg ved barneskulane i Haram.

Desse skulane vil ha innskriving onsdag 24. januar 2017:
Brattvåg barneskule
 >>> Trykk her for å gå til heimesida
Søvik skule  >>> Trykk her for å gå til heimesida
Vatne barneskule  >>> Trykk her for å gå til heimesida
Flem skule  >>> Trykk her for å gå til heimesida
Haramsøy skule  >>> Trykk her for å gå til heimesida
Lepsøy skule  >>> Trykk her for å gå til heimesida
 
Tennfjord skule har innskriving onsdag 24. og torsdag 25. januar.
  >>> Trykk her for å gå til heimesida
 
Får eg meir informasjon om innskrivinga?
Ja, rektor ved skulane sender ut nærare informasjon til dei føresette i posten
Det vert og vist til informasjon på skulane si heimeside. 
 
Foreldre som er i tvil om kva skule eleven soknar til, kan kontakte Haram kommune, 
Grunnskuletenester,  tlf. 70207500 eller rektor ved den næraste skulen for å få opplysningar om grensene mellom opptaksområda.
 
Kva skal eg gjere om tidspunktet ikkje passar?
Foreldre til elevar som ikkje kan møte fram på innskrivingsdagen, må melde frå til rektor ved den
skulen der barnet skal begynne.
 
Utsett eller framskoten skulestart
Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Det er høve til å søkje
om dispensasjon frå vanleg opptaksalder (utsett eller framskoten skulestart - opplæringslova § 2-1). Etter sakkunnig vurdering kan eit barn begynne på skulen eitt år før - når barnet innan 1. april har fylt 5 år.
 
Søknad om utsett eller framskoten skulestart skal sendast til:

Haram kommune
Grunnskuletenester
Storgata19
6270 Brattvåg. 
 

 

Sist endra 16.01.2018