Invitasjon til idédugnad om utvikling av eksisterande nærings- og industriområde, og forslag til nye område i Haram

idedugnad næring 4.png - Klikk for stort bilete Haram kommune arbeidar med forslag til ny arealdel av kommuneplan. Kommuneplanens arealdel er bestemmande for bruken av alt areal i kommunen i planperioden. Haram kommune vil invitere næringslivet til idédugnad om utvikling av eksisterande nærings,- og industriområde, og forslag til nye område i Haram. I tillegg også kva kvalitetar og areal Haram kan tilby nye Ålesund kommune.

Det skal arbeidast med forslag til nye areal i heile kommunen, og kartleggast kva behov næringslivet har frammover. Målet er å kunne tilby attraktive og funksjonelle næringsområde, med effektiv infrastruktur.
 

Dag:   tirsdag 19.09.2017
Tid:    10.00-13.00 (inkludert lunsj)
Stad:  Ingebrigt Davik huset,  konferansesalen i 2.etg


Påmelding 
Frist for påmelding er søndag 17.09.2017

Trykk her for å melde deg på

Sist endra 05.09.2017

Kontaktpersonar

Hege Gjøsund

Arealplanlegging
Telefon : 70 20 76 41
E-post : Send e-post