Kommune- og fylkestingvalet 2019

fellesnemnda1_staale_wattø_sumpen_crop.jpg - Klikk for stort bilete

Valet i 2019 skal gjennomførast som om nye Ålesund kommune er allereie er sett i drift. Nettsida nyealesund.no har no fått eigne valsider der du kan lese meir om korleis du som veljar kan avlegge stemme.

Alle som stemmer ved valet i 2019 skal velje representantar til kommunestyret i nye Ålesund kommune som trer i kraft 1. januar 2020. Sjølve valdagen for kommune- og fylkestingsvalet er 9. september 2019.

Les meir om valet 2019 på nye Ålesund sine nettsider.
 
Det skal veljast 77 representantar frå dei forskjellige partia inn i det nye kommunestyret.
 
Fellesnemnda, som er politikarar frå kvar av kommunane, skal legge til rette for drifta av den nye kommunen. Nemnda har bestemt at det skal vere 14 valkrinsar ved valet i 2019.
 
valsidene til nye Ålesund får du svar på:
  • kvar det er stemmestader i dei forskjellige valkrinsane
  • kven som sit i valstyret
  • når og korleis du kan førehandsstemme og tidlegstemme
  • kvar og når du kan stemme på sjølve valdagen
  • ofte stilte spørsmål om val
 - og meire til.
 
Gå inn på valsidene til nye Ålesund. Dei ligg under Politikk > val.
 
Bildet: På bildet ser du fellesnemnda slik den er i dag, med fem politikarar frå kvar kommune. Leiar i fellesnemnda, Eva Vinje Aurdal var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Sist endra 18.12.2018