Kommunehuset og Brattvåg legekontor stengt på grunn av flytting

tenestehus.jpg - Klikk for stort bilete

Torsdag 12. og fredag 13. september flyttar Haram kommune til nytt tenestehus i Strandgata 40. 

Under flyttinga vil servicetorg/sentralbord og dei kommunale tenestekontora som held til i kommunehuset og i Brattvåggata 67 vere stengt. 

Dersom det i denne perioden skulle oppstå problem som vedkjem det kommunale vass-/ kloakk-/ eller vegnettet eller andre kommunaltekniske forhold, kan teknisk vakt nåast på tlf 481 03 868

Brattvåg legekontor også stengt

Også Brattvåg legekontor er på flyttefot og vil halde stengt f.o.m. onsdag 11. t.o.m. fredag 13. september. Vatne legekontor vil vere dag-legevakt for Brattvåg legekontor desse datoane. 

Ved behov for akutt medisinsk hjelp, ring 113.

Haram kommune ser fram til å kunne ønskje deg velkomen til det nye tenestebygget, dørene opnar måndag den 16. september kl 08.00.

 

 

 

Sist endra 07.09.2019