Kulturminneplan for Haram kommune - offentleg høyring

Kulturutvalet var samla den 04.07.2019 og gjorde slikt vedtak: KUV-009/19 Det var samrøystes å legge kulturminneplanen ut på offentleg høyring. Forslaget til kulturminneplan m. tilhøyrande handlingsdel er datert 26.6.2019.

338.JPG - Klikk for stort bilete

Formålet med å registrere kulturminne  er at eit representativt utval av kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på i eit langsiktig perspektiv. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø som blir fjerna, øydelagt eller forfells skal minimerast.

Hovudmålet i Haram er å skaffe ei så god oversikt over faste kulturminne i kommunen som mogleg, og foreta ei første verdivurdering av objekta medan vi er i eiga kommune. 
Planen er delt i to, kulturminneplanen og handlingsdelen. Handlingar er knytt opp mot dei kulturminna som er prioritert til å vere utvalgt i denne første omgang. 
 
Ved seinare rullering av handlingsdelen kan det vere fleire kulturminne ein ønsker å løfte fram.
 
 

Merknadane skal leverast skriftleg til Haram kommune gjennom e-post eller brev.
Frist for å komme med merknader er 03.09.2019.
Sist endra 12.07.2019

Kontaktpersonar

Elin-Grete Vatnehol

Planleggar
Telefon : 930 27 581
E-post : Send e-post