Kunngjering av vedtak: Kartverket har gjenopptatt namnesaka Tennøyna - Tennøya

Enkel illustrasjon av ein ropert - Klikk for stort bilete

Statens kartverk har vedteke skrivemåten Terna, Ternøysundet og Ternøyfluda. Vedtaket kan påklages innan tre veker iht. lov om stadnamn §10.

Klage sendes innan 6. oktober til Haram kommune, Storgata 19, 6270 Brattvåg,
som vil bli samordna og vidaresendt til Statens Kartverk.

Namnesak Ternøyna-Tennøya

16.06.1992 vedtok Statens kartverk i namnesak 1992/1 at skrivemåten av eit øynamn i Haramkommune skal skrivast Ternøyna, i samsvar med rettskrivingsforma av ordet terne, som ein

meiner utgjer føreleddet i namnet, og med lokal nedervd uttale -øyna. Vanleg skrivemåte av namnet hadde tidlegare vore Tennøya.

Haram kommune har bedt Statens Kartverk om gjenopptaking av namnesaken Ternøyna – Tennøya sidan Stadnamnlova har vorte endra sidan Ternøyna blei vedtatt som skrivemåte i 1992.

Etter tilråding frå Stadnamntenesta på Vestlandet har Statens kartverk gjort slikt vedtak:

  • Namnet på eit skjer sør for Ternøyna får vedteke skrivemåten Terna.
  • Namnet på sundet sør for Ternøyna får vedteke skrivemåten Ternøysundet.
  • Namnet på ei grunne i sjøen får vedteke skrivemåten Ternøyfluda.

Dei tidlegare skrivemåtane Tenna, Tennøysundet og Tennøyfluda er no blitt avslegne.

Vedtaka er i samsvar med § 4 i stadnamnlova som seier at når det same namnet er brukt om fleire namneobjekt på den same staden, skal den skrivemåten som er brukt for det namneobjektet som namnet opphavleg vart brukt om, som hovudregel vere retningsgivande for skrivemåten for dei andre namneobjekta. Når det har vore gjennomført namnesak på hovudnamnet, er det ikkje naudsynt med full namnesak for å fastsetje skrivemåten til avleidde namn.

 

Etter stadnamnlova § 9 har stat, fylkeskommune og kommune, og selskap som det offentlege eig fullt ut plikt til å bruke vedtekne skrivemåtar.

Etter § 10 i lov om stadnamn kan vedtak om skrivemåten påklagast av dei som etter § 5 første ledd bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker.

Klage sendes innan 6. oktober til Haram kommune, Storgata 19, 6270 Brattvåg, som vil bli samordna og vidaresendt til Statens Kartverk.

Sist endra 15.09.2017