Kunngjering: Detaljplan Longva Hamn godkjent 15.12.2016 i KS sak 108/16

Kunngjering Longva hamn.jpg - Klikk for stort bilete

Haram kommunestyre godkjende den 15.12.2016 med heimel i plan og bygningslova §12-12   KS sak 108/16 forslag til reguleringsplan for Longva Hamn datert 20.01.2016 og føresegner datert 28.12.2015. 

Kystverket hadde motsegn til reguleringsplanen, og plansaka vart difor sendt til Kommunal og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjersle. Den 14.12.2018 kom vedtaket frå Kommunal og moderniseringsdepartementet, der departementet stadfestar Haram kommune sitt vedtak av detaljregulering for Longva fiskerihamn av 15.12.2016. Vedtaket inneber at områda N/L-1 og N/L-2 i føresegn 3.2 kan nyttast til føremål naust/lager. Departementet sitt vedtak gjer dermed Haram kommune sin eigengodkjenning av planen rettskraftig, og planen kan soleis kunngjerast i tråd med vedtaket til kommunestyret. 

Vedteken plan er bindande for alt arbeid etter plan- og bygningslova §§ 20-1 til 20-2 innanfor planområdet. 
 
Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast skriftleg til Fylkesmannen innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. Plan- og bygningslova § 1-9 og Forvaltningslova.
 
Klage skal sendast til Haram kommune, Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning, Storgata 19, 6270 Brattvåg eller postmottak@haram.kommune.no 
 
 
Sist endra 09.01.2018