Kunngjering: Detaljregulering til veg med gang/sykkelsti av eit mindre område langs fylkesvegen i Austnes

Haram kommunestyre godkjende med heimel i plan og bygningslova § 12-12 den 28.09.2017 i KS- vedtak 076/17 Detaljplan for regulering til veg med gang/sykkelsti av eit mindre område langs fylkesvegen i Austnes datert 15.03.2017 med føresegner og tilhøyrande dokument datert 26.08.2017. 

Austnes.jpg - Klikk for stort bilete

Formålet med detaljplanen er å få godkjend reguleringsplan for eit areal langs fylkesvegen for å kunne ferdigstille arbeidet med bygging av veg og gang/sykkelsti (fortau). Vedteken plan er bindande for alt arbeid etter plan- og bygningslova §§ 20-1 til 20-2 innanfor planområdet.

Vedtaket kan påklagast skriftleg til Fylkesmannen innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og Forvaltningslova.
 
Klage kan sendast på e-post til postmottak@haram.kommune.no 
eller per post til
Haram kommune,
Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning,
Storgata 19, 6270 Brattvåg
 
Sist endra 06.10.2017