Kunngjering: Gbn 19/3- Fritidsbebyggelse Rønstad

Haram kommunestyre godkjende med heimel i plan- og bygningslova § 12-12 forslag til detaljplan for Hyttefelt Rønstad- delar av gbnr 19/3 datert 07.09.2017 med føresegner og tilhøyrande dokument i KS- sak 081/17. Formålet med planen er å leggje til rette for bygging av fritidsbustader med tilhøyrande anlegg og felles tilkomst frå eksisterande veg. 

 

Kunngjering Rønstad.jpg - Klikk for stort bilete

Vedteken plan er bindande for alt arbeid etter plan- og bygningslova §§ 20-1 til 20-2 innanfor planområdet. 

Vedtaket kan påklagast skriftleg til Fylkesmannen innan tre veker etter denne kunngjeringa, jf. Plan- og bygningslova § 1-9 og Forvaltningslova.
 
Klage kan sendast:
Haram kommune,
Eining for byggesak, landbruk og arealforvaltning,
Storgata 19, 6270 Brattvåg
 
Saksdokument finn du  i menyen til høgre.
 
Sist endra 07.11.2017