"Kva er viktig for deg-dagen" 2018

Kva er viktig for deg-dagen.png - Klikk for stort bilete

Onsdag 6. juni blir «Kva er viktig for deg-dagen» markert for femte gong. Då vil helsepersonell i Noreg og i rundt 30 andre land spørje pasientane om kva som er viktig for dei.

Dagen er en del av arbeidet med å få til gode pasientforløp når pasientar blir flytta mellom avdelingar og tenester i den enkelte kommunen og mellom primærhelseteneste og sjukehus, og målet er å oppmuntre til fleire gode samtalar mellom dei som gir helseomsorg og dei som mottek desse tenestene. 

Helsepersonell vert oppfordra til å stille eit enkelt, men viktig spørsmål; Kva er det pasienten verkeleg treng, ønskjer og håpar på?
Å flytte merksemda frå "kva er i vegen med deg?" til "kva er viktig for deg?" bidreg til ei viktig retningsendrig i helsevesenet.
 Erfaring viser at aktiv deltaking i utforminga av eigne mål aukar pasienten sin motivasjon og styrkar meistringa.

Du finn meir informasjon om "Kva er viktig for deg-dagen" på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Onsdag den 6. juni vil helsearbeidarar over heile landet bere fargerike buttons som ei påminning om å innleie gode samtalar.
Også omsorgstenesta i Haram skal ha ei markering av dagen. Mellom anna skal det markerast i kvar avdeling ved Eidet omsorgssenter og Haram Omsorgssenter, og det blir stand med informasjon og vaffelsteiking på begge plassane.
 
Vi ønskjer lukke til med årets "Kva er viktig for deg-dag"!
 
Sist endra 04.06.2018