Kven bør få kulturprisane for 2018?

Vi har svært mange eldsjeler og lag/foreiningar i bygdene våre som er med på å gjere Haram kommune til ein god kommune å bu i.

Haram kommune har to prisar som vert delte ut kvart år. Kulturprisen i Haram (kr 15.000,-) og Ungdommens kulturpris i Haram (kr 5.000,-).
 
No kan du sende inn forslag på kven som bør få desse prisane for 2018!

Kulturpris - Klikk for stort bilete

 

Kulturprisen i Haram kan gjevast til einskildpersonar eller grupper av personar, til lag og organisasjonar heimehøyrande i kommunen. Desse skal ha vist vedvarande evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege.

Målgruppa for Ungdommens kulturpris i Haram er ungdom i alderen 15 til 25 år. Lag og organisasjonar som arbeider for og med barn kan og tildelast prisen. Ein ynskjer å fremje kulturaktivitet, og gi merksemd til aktiv ungdom i Haram.

Framlegg på kandidatar til kulturprisane kan fremjast av einskildpersonar, lag og foreiningar. Skriftleg framlegg med grunngjeving skal sendast kommunen gjennom det elektroniske skjemaet du finn under:

Send inn forslag på kandidat her

Framlegg kan også sendast skriftleg i vanleg post til

Haram kommune
Storgata 19, 6270 Brattvåg

Frist for innsending er 01. november 2018

Sist endra 09.10.2018