«Livslyst når det røyner på» - meistringskurs for vaksne etterlatne

Livslyst 2019 - vår.png - Klikk for stort bilete

 «Livslyst når det røyner på» er eit meistringskurs for vaksne etterlatne som har mist ein nærståande i kreft eller i annan sjukdom. Kurset er utarbeidd av Kreftforeningen, og vert arrangert i eit samarbeid mellom kreftkoordinator i Haram, Sula og Ålesund og Lindrende enhet ved Blindheim omsorgssenter.

Kurset er bygd på kognitiv læring og gir nyttige verktøy for å meistre kvardagen når livet er vanskeleg. Deltakarane får også anledning til å utveksle efaringar med andre som er i ein samanliknbar situasjon.


Eg trudde det berre var eg som følte det slik...så kom eg hit og fann trøst i det å møte andre i samme situasjon. Desse kurskveldane har vore til glede for meg. Kvardagen er enno tung, men no har eg eit håp om at der framleis skal vere mange glade dagar framfor meg

-Tidlegare kursdeltakar 


Kurset går over fire kveldar og er ope for deltakarar frå heile Sunnmøre.

Kursdatoar

  • Onsdag 30. oktober kl 16.30-19.30
  • Onsdag 6. november kl 16.30 - 19.30
  • Onsdag 13. november kl 16.30 - 19.30
  • Onsdag 20. november kl 16.30 - 19.30

 

For påmelding / meir informasjon, kontakt

Pårørandekoordinator
Merete Kløvning
Telefon: 70 16 41 06 / 409 24 712
E-post: merete.klovning@alesund.kommune.no

Sist endra 03.09.2019