Lyst til å vere med å digitalisere nye Ålesund kommune?

Big_data_higgs_photo_KamiPhuc_Flicr.jpg - Klikk for stort bilete

Nye Ålesund utlyser ei treårig prosjektstilling med ansvar for IKT og digitalisering, med moglegheit for forlenging. 

Prosjektet nye Ålesund søker ein strategisk og framdriftsorientert person til å leie delprosjektet IKT og digitalisering. Prosjektstillinga inngår i prosjektteamet for nye Ålesund kommune og rapporterer til komande rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen. Det kan bli endringar i prosjektorganiseringa og samarbeidslinjene.  Prosjektet har kontor sentralt i Ålesund med gjestekontor i alle kommunane. 
 
Det er ønskeleg med snarleg oppstart i stillinga. Det er mogleg at engasjementet blir forlenga etter prosjektperioden i 2020. 
 
Nye Ålesund kommune har høge ambisjonar for digitaliseringa av kommunale tenester og for digital dialog med innbyggarar og næringsliv. I intensjonsavtalen mellom kommunane, heiter det at nye Ålesund kommune skal vere ein føregangskommune når det gjeld digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene.
 

Arbeidsoppgåver

Det ligg til stillinga å leie delprosjektet IKT og digitalisering. Dette inneber arbeid med kartlegging, prioriteringar og strategiske val knytt til etablering av ny IKT-struktur. Du må også ta hensyn til strukturering av dokumentasjon, informasjonsforvaltning og arkivering.

Utdanning

Det er ønskeleg at den som blir tilsett har relevant utdanning på mastergradsnivå, men også kandidatar med relevant bachelorgrad vil kunne bli vurderte. Prosjektutdanning er ønskeleg. Relevant erfaring vil kunne vege opp for manglande høgare utdanning.
 
Du må ha:
god IKT-kunnskap 
dokumenterbar evne/kompetanse til strategisk planlegging
erfaring med prosjekt- og prosessleiing
kontrakts- og leverandørkompetanse.
 
Det er vidare ønskeleg at du har: 
god kjennskap til kommunesektoren og offentleg forvaltning.
god økonomiforståing.

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som er dyktig til å kommunisere både skriftleg og munnleg, og som evner å jobbe godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Vi tilbyr

Som vår nye medarbeidar får du spanande og utfordrande arbeidsoppgåver på strategisk nivå som inneber å vere med å forme nye Ålesund kommune saman med prosjektteamet og prosjektorganisasjonen. Du får delta i å etablere ein ny storkommune på Vestlandet i stor utvikling, og du vil kome i tett kontakt med mange ulike fagmiljø.
 
Det er mogleg at den treårige prosjektstillinga blir forlenga, og også moglegheit for fast stilling etter overstått prosjektperiode hausten 2020.
 
Stillinga har gode og konkurransedyktige vilkår og god pensjons- og forsikringsordning.
Løns-/arbeidsvilkår: Tilsetjing og løn etter lov- og avtaleverk.
 

Om nye Ålesund kommune

Haram, Sandøy, Skodje, Ørskog og Ålesund skal saman byg je nye Ålesund kommune. Den nye
storkommunen på Sunnmøre vil få ca. 65 000 innbyggjarar og om lag 5 500 tilsette. Dei fem kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa
av den nye kommunen. Nye Ålesund har ambisjonar om å skape ein føregangskommune og
styrke regional slagkraft med Ålesund som eit urbant tyngdepunkt. Kommunen sin
visjon er: nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet. 
 
Det er etablert ein felles prosjektorganisasjon for nye Ålesund som skal samordne, utvikle og bygge den nye storkommunen fram mot 2020. Prosjekt nye Ålesund blir politisk leia av ei fellesnemnd, og administrativt leia av komande rådmann/prosjektleiar for den nye kommunen. IKT og digitalisering står sentralt i arbeidet med å samordne og utvikle den nye kommunen.
 
Sjå også www.nyealesund.no for meir informasjon om prosjektet.
 

Søknadsfrist

07.08.2017
 
 
 

 

Sist endra 30.06.2017