Melding frå Lotteri- og stiftelsestilsynet: Frivillige lag og organisasjonar kan no søkje om momskompensasjon

Lottstift.jpg - Klikk for stort bilete

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 1,3 milliard kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2017. 

Mange som ikkje søkjer

Erfaring frå tidligare år viser at det finst mange lag og organisasjonar som ikkje søkjer om momskompensasjon.  Dette er ofte lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. Slike såkalla underledd skal sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Søknader frå underledd som kjem direkte til Lotteri- og stiftelsestilsynet blir avviste. 

Ønskjer å nå fleire

Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søkjer, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. Lotteri- og stiftelsestilsynet prøver difor å nå ut til desse gjennom kommunane og fylkeskommunane.
Du kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden deira. Der finn du også søknadsskjema
 

Minstegrenser

For enkeltståande søkjarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa 200 000 kroner i totale driftskostnader, mens minstegrensa etter dokumentert søknadsmodell er 14 000 kroner i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. Underledd treng ikkje å ta omsyn til minstegrensene fordi dei er med i søknaden frå sentralleddet.

Søknadsfristar

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1. september 2017. 
Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.

 
 
Ved spørsmål kan Lotteri- og stiftelsestilsynet kontaktast på e-post postmottak@lottstift.no eller telefon 57 82 80 00.
 
Sist endra 23.06.2017