Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar

Offentlege instansar, private aktørar og frivillege organisasjonar kan no søke om tilskot for å legge til rette for at barn og ungdom i familiar med lave inntekter kan ta del i organiserte aktivitetar på linje med andre barn.

Illustrasjonsfoto - Klikk for stort bilete

Målgruppe

Mågruppa for tilskotsordninga er barn og ungdom som kjem i kontakt med problem knytt til fattigdom.  Også desse sine familiar er med i målgruppa når tiltaket rettar seg mot kultur-, fritids-, og ferieaktivitetar.

Formål 

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom mellom barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre muligheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er råd ha lave eller ingen kostnader.
 
 

Kven kan søkje og korleis

Offentlege instansar,  private aktørar og frivillege organisasjonar  i Haram kan søke om tilskot.  
Søknad gjennom søknadsportalen til BUFDIR:  https://soknadsportal.bufdir.no/#login

Søknadsfrist

Frist for innsending av søknad er den 10. desember 2018.


Kommunen skal vurdere og prioritere søknader som kjem inn.
Kontaktperson i Haram kommune er  Laila Grytten, tlf. 482 13 266 / laila.grytten@haram.kommune.no

Sist endra 22.11.2018